Sider

tirsdag 25. oktober 2011

Stolt 4H-ar

Av og til kjenner eg at det passar seg best at eg skriv på nynorsk. I samband med StoreStoresyster si første 4H-utstilling seier det seg sjølve at eg bør ta denne målforma i bruk. I tillegg er jo skulen til ungane mine ein nynorskskule, så eg er jo tvungen til å øve meg litt (mykje). Og så likar eg jo nynorsk, sjølv om eg ikkje er så god i det. (Litt rask til å slengje på a-endingar på dei fleste orda...) Og så eg som er norsklærar...

Men til saka: forrige måndag var det Haustfest i Fram 4H og StoreStoresyster deltok for fyrste gong. Stolte foreldre, søsken og besteforeldre var sjølvsagt med for å sjå alt det flotte ho hadde laga. Reint objektive er vi nok ikkje i denne saka, men vi meiner framleis at StoreStoresyster si utstilling var den finaste av dei alle ("Men Mamma", sa ho då vi køyrde heim etterpå, "Du er jo Mammaen min, så det er klart at du likar best det EG har laga").


Bileta under er ikkje bra. Ikkje berre brukte eg det "dårlege" kameraet - det var i tillegg nesten tomt for batteri. Men de ser i det minste alle dei fine tinga som 4H-aren min har laga, med perling som tema.



Her er det bileter, skåler laga av maxiperler, eit titteskåp med juletema laga av ein pappkoffert frå Panduro og øyredobbar og brosjer. Ho har vore kreativ som berre det!



Lillesyster kosa seg masse med alle dei store ungane og masse kaker, men etter kvart vart ho så trøytt, så trøytt og måtte leggje seg ned på golvet litt og slappe av...

Men det var ein gild dag, det er sikkert og visst!!

1 kommentar:

rockefår sa...

Her dukker det opp gamle minner ja, eller for så vidt tenker jeg vel på det hver gang jeg ender opp med en "sølv"skje med 4H på i syltetøyet... Har hatt mine utstillinger i barne- og ungdomstida ja, og endel premier minner jo skjeene også om. Og det funker veldig fint med bokmål i 4H også;-)

Mange fine og kreative perleting jenta di har laga!

Jeg husker min første oppgave var strikking, men kan ikke forstå at jeg valgte det - jeg må isåfall ha fortrengt det meste nå, for jeg kan jo ikke strikke...
Langt bedre gikk det med oppgaver som "Hund", "Geologi", "Jordlære" og "Kvartærgeologien i Lågendalen".... Sært, eller!? Trur jeg valgte oppgaver jeg lett kunne få litt hjelp av min kjære far.... Men jeg lærte jo litt. Og etter å ha kommet til Stavanger og etterhvert fått litt innblikk i oljebransjen så forstår jeg jo at jeg burde fortsatt på denne geologidansen så hadde jeg kanskje hatt litt bedre lønn enn jeg får på SUS....
Men lønna er jo ikke alt, det veit jo sikkert du som er lærer og på omtrent samme nivå som oss(?). Jeg synes heldigvis jeg har en spennende og kjekk jobb. (Nå koser jeg meg attpåtil hjemme med baby).

Dette blei lengre enn langt, den ene assosiasjonen tok den andre og jeg var reint skravlesjuk:-)

Ha en god dag (natt)!